دانلود کتاب "Speak, Friend, and Enter": Interracial friendship in the works of J. R. R Tolkien
by Kristin Fuglesteg Moe
|
عنوان فارسی: "صحبت می کنند و وارد": بین نژادی دوستی در آثار J. R. R Tolkien |
دانلود کتاب
جزییات کتاب
Den engelske forfattaren J. R. R Tolkien og bøkene Ringenes Herre og Hobbiten har sidan 2001 og framover fått auka merksemd grunna filmatiseringa av bøkene av regissør Peter Jackson. Filmane og merksemda rundt dei førte til skuldingar mot Tolkien og bøkene hans som rasistiske frå nokre kritikarar og journalistar. Denne oppgåva fokuserer på venskap mellom folk av ulike rasar i bøkene til J. R. R Tolkien, med mål om å syne at både bøkene og Tolkien sjølv fremjar ulikskap og samarbeid mellom ulike rasar. I analysen av desse venskapa kjem det fram ulike aspekt som peikar i den retning at Tolkiens oppdikta verd ikkje er basert på eit rasistisk grunnlag. Han kjem med generelle moralske lærdommar, ofte i tråd med hans katolske tru. Religiøsiteten til Tolkien gjennomsyrar bøkene hans, og eg vil difor referere til hans teori om «sub-creation» til å få fram korleis dette syner seg i venskapa eg tek føre meg. Meir enn noko anna peikar spesielt Ringenes Herre i mot at i ei ideell verd, er venskap mellom rasane noko å streve etter. Likevel kan det sjåast på som problematisk at rasane i hans oppdikta verd, Midgard, er ordna i eit hierarki der visse raser er sett på som av høgare status enn andre. I Midgard er det også synlege hierarki med tanke på status, sidan denne verda er basert på ei før-industriell tid. Ved å sjå på venskap som dannast på tvers av desse hierarkia, prøvar denne oppgåva å få fram at hierarkia er Tolkien sin måte å ordne ei kompleks verd på, meir enn ein kritikk mot ei verd der alle er sett på som likeverdige. Ved å skapa ei fantasiforteljing der rasane samlast mot ein felles fiende, og venskap dannast som eit produkt av dette, viser Tolkien liberale idear med tanke på den tida han levde i.